Dette bør du ha heime

I dag starter den årlege eigenberedskapsveka. Denne veka har som mål å gjere oss betre rusta til å stå i mot kriser. Har du eit beredskapslager, og har du tenkt gjennom korleis du skal handtere eit langvarig straumbrot? 

Ver budd

Dei fleste av oss er heilt avhengig av straum i kvardagen; til oppvarming, lys, matlaging, varmtvatn og elektriske apparat. Uvêr, naturhendingar, sabotasje, tekniske problem, terror eller krigshandlingar kan føre til at mange mister til dømes straum eller vatn, og at det kan bli vanskelegare å få tak i nødvendige varer. Sjansen er kanskje ikkje så stor, men det kan skje. Då bør du vere førebudd. Med eit lite reservelager av det du er mest avhengig av - vatn, mat, medisinar og varmekjelder - er du betre rusta for å klare deg sjølv nokre dagar.

Vurder risiko og sårbarheit i heimen din

Tenk igjennom kva som kan skje, kva konsekvensar kunne det ha fått og korleis nettopp din familie ville ha handtert det. Finn ut kven som kan trenge hjelpa di og korleis du kan bidra. Dersom det er utstyr du planlegg å bruke i ein naudsituasjon, ver kjent med korleis det skal brukast og syt for at det fungerer.

Slik kan du dekkje grunnleggjande behov i tre døgn

Dei grunnleggjande behova som må dekkjast dei første tre døgna av ei krise, er varme, drikke, mat, legemiddel, hygiene og informasjon. Mange av oss har alt ein god del av det vi treng for å klare oss sjølv i nokre dagar, så det er ofte ikkje så mykje som skal til for å kome heilt i mål.

Har de det mest nødvendige på plass slik at de kan klare dykk sjølv i minst tre døgn, er de rusta for å kome dykk gjennom dei fleste kriser. Om krisa blir langvarig, har de med desse førebuingane kjøpt dykk tid og rom til å planleggje vidare. Samtidig bidreg de også til at dei som treng det mest, kan få hjelp fyrst.