Auka tilskot til løypelaga i Vang kommune

Skiløyper - Klikk for stort bilete Oddvin Almenning

I 2023 har Vang kommune vedteke å gi ei auke i tilskott til løypelaga i kommunen, for å køyre opp skiløyper. Tyin/Filefjell turløyper, Grindafjell løypelag, Tyin – Tyinstølen og Slettefjell skiløyper er laga som har fått tilskot, til saman 300 000 kr.

Dette er eit godt folkehelsetiltak for innbyggjarar i alle aldrar, store som små. Grunna Vang kommunes gode kraftinntekter dei siste åra er dette også ein måte å gi tilbake til innbyggjarane, men også til det frivillige arbeide som skjer i kommunen vår.

Derfor oppfordrast det til å nytta seg av det gode tilbodet vi har av skiløyper her i kommunen, i flotte omgivnader.

Manglar man utstyr for å gå på ski kan det vera ein god idé å oppsøke BUA i sentrum av Vang, kor ein kan låne alt utstyr man trenger for å gå korte eller lange turar i dei flotte skiløypene. Det er også heilt gratis. Opningstid i BUA tysdag og torsdag frå 15.00 til 16.00.

For spørsmål om BUA:

Kontakt BUA Vang på tlf. 46 81 64 73
frivilligsentralen@vang.kommune.no
lene.rogn.lokreim@vang.kommune.no