Alle treng ein beredskapsvenn

Når samfunnet blir råka av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp. Dersom fleire av oss er i stand til å ta vare på oss sjølve og dei rundt oss ved ei hending, kan hjelpa setjast inn der behovet er størst. 

Du er ein del av beredskapen 

Snakk med familie, venner, naboar, assistentar eller andre personar i livet ditt om korleis ei krise vil påverke deg og kva du kan trenge hjelp til. Treng du hjelp er det viktig at du ber om det. 

Tenk gjennom kva som kan skje der du bur, og korleis du og dei rundt deg kan bli ramma, og korleis de saman kan handtere situasjonen. Finn ut om nokon kan trenge hjelp, og korleis du kan bidra. 

Me oppmodar alle til å dele informasjon ved ei pågåande hending, tenk spesielt på om du har pårørande eller naboar som ikkje kan nytte internett/digital informasjon. 

 

Les også: Egenberedskap ved funksjonsnedsettelser