Naturmangfald i Vang kommune - ope møte

Vang kommune inviterer til ope møte om kommunedelplan for naturmangfald.

Måndag 6. mai kl. 19-21 på Vang barne- og ungdomsskule(auditoriet)

Asplan Viak er innleigd for å hjelpe kommunen med utarbeiding av kommunedelplan for naturmangfald, og vil presentere grunnlag for arbeidet og døme på korleis det kan sjå ut når det er ferdig.

I møtet vil det bli eit opplegg for å dele innspel og kunnskap mellom alle frammøtte, som òg vil danne eit grunnlag for arbeidet vidare.

Program:

Innleiing ved kommunen (nasjonale og internasjonale forpliktingar)

Presentasjon ved Asplan Viak (kunnskapsgrunnlag, døme, arbeidsmetode)

Andre innlegg

Naturverkstad med deltakarane (gruppearbeid)

·         Kva kjenneteiknar naturen i Vang – ulike døme, ulike stadar?

·         Kva for artar og naturtypar er ikkje registrert i offentlege basar?

·         Kva truar naturen i Vang – kva er mest sårbart?

·         Kva er viktig å ta vare på?

·         Korleis kan utbygging ta omsyn til natur?

·         Korleis kan Vang kommune forvalte naturen best mogleg?

For å få eit best mogleg grunnlag treng vi innspel på kvar det er manglande kunnskap om naturmangfaldet i kommunen.

Påmelding til kristian.lindseth.flaa@vang.kommune.no innan fredag 3.mai.

Bakgrunn:

Arbeidet med kommunedelplan for naturmangfald er fastsett i planprogram vedteke av kommunestyret i Vang 16.06.2022. Planprogrammet gjev føringar for arbeidet med planen.