Kommunale kartløysingar

Kommunen har i 2023 gått over til nye kartløysingar for innsyn og forvaltning av kartdata. Valdreskart er under avvikling og har ikkje vorte oppdatert sidan 1. juni 2023. Vi rår alle til å byrje å nytte dei to nye systema Arealplaner.no og Origo/Kommunegis

Arealplaner.no

Arealplaner.no er løysinga som gir enkel tilgang til arealplaner, plandokument og arealplanregisteret. Du kan ta utgangspunkt i følgjande ved søk:

  • Posisjonen du er på
  • Adresse eller gards- og bruksnummer
  • Søke på eit plannavn eller ein plan-ID

Du får opp både gjeldande planer og planar i prosess. Når du har valt ein plan og klikker i kartet og "Se kartdetaljer", får du opp eit større kartbilete. I det kartet kan du klikke og få opp arealføremål og hensynssoner for aktuelt punkt.

Origo/Kommunegis

Origo/Kommunegis liknar i oppbygging og menyval på andre kart vi kjenner frå nettet, som td. norgeskart. Her finn ein det meste av det ein treng av kartdata, du finn eigedomsgrenser og arealplanar og du kan ta ut situasjonskart. 

Bruk laglista (Åpne lagliste) i venstremenyen for å  ta opp det du ynskjer. Du kan skru av og på lag, du kan flytte lag opp og ned og du kan gjere lag gjennomsiktige.

Ved utteikninga av reguleringsplanar må ein hugse å skru på alle kartlag for visning. Trykk på dei tre prikkane som vist under og "aktiver lag".

vang.kommunegis.no