Vang Læringssenter

Vang Læringssenter organiserer og tilbyr undervisning i norsk og samfunnskunnskap for vaksne. Etter å ha vore med i eit samarbeid med Vestre Slidre kommune, starta Vang kommune sitt eiget læringssenter i 2014.

Læringssenteret gir tilbod om asylnorsk på 175 timar for asylsøkjarar som bur på mottaket i Vang, kurs for arbeidsinnvandrarar og andre innvandrarar som har rett til norskundervisning, samt introduksjonsordning for dei som er busette flyktningar i Vang kommune.

Vang læringssenter tilbyr også grunnskule for vaksne som har rett på det. Under læringssenteret ligg også bufellesskapet for einslege mindreårige flyktningar, som Vang kommune etablerte i 2016. Gullringen bufellesskap har 6 busette ungdomar.

Administrasjonen på Vang læringssenter består av leiar Kristin Venås. Det jobbar i tillegg 5 lærarar og 6 miljøarbeidarar på læringssenteret og i bufellesskapet.

Kontaktinfo

Kristin Venås
Leiar læringssenteret
E-post
Mobil 995 36 379
Dortea Myklebust
Flyktningkonsulent
E-post
Telefon 901 02 459

Adresse

Lund aktivitetssenter

Lundsmarka 15
2975 Vang i Valdres
61 36 86 00 / 90 10 66 17