Skulefritidsordninga (SFO)

Skulefritidsordninga er eit tilbod for barn frå 1. til 4. klasse, og for barn med særskilte behov på 1.-7. klasse. SFO skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna.

SFO-tilbodet er før og etter skuletid i skuleåret og i inntil 5 veker av skulen sine feriar.
Gjeldande vedtekter har krav om minst fire påmelde barn for at det blir eit SFO-tilbod.

SFO skuleåret 2026–2027

SFO-plass i skuleåret (aktuelle dagar registrerast i Visma Flyt skole):

  • SFO 2026-27, berre ettermiddag: Gratis
  • SFO 2026-27, berre morgon: Gratis
  • SFO 2026-27, morgon + ettermiddag: Gratis
     

Skuleåret 2026-2027 vil det bli fakturert kr 190,- pr. månad for mat på SFO.

SFO-plass i feriar skuleåret 2026-2027:

  • 1, 5 dag i ferieveke, 1. , 2. og 3.  klasse: Gratis
  • Ferieveke, 1. , 2. og 3. klasse, (12 timar gratis): kr 1328 per veke
  • Ferieveker, 4. klasse: kr 1898 per veke

Ved oppseiing av SFO-plass i ferie som er bestilt ved bindande påmelding, blir plassen fakturert uavhengig av bruk.

Kontaktinfo

Skulefritidsordning (SFO)
Telefon 91 61 27 89
Ola Erik Heen Moe
Rektor VBU
Agata Gniewek Bøe
Assisterande rektor VBU
Solveig Rønneberg
Rådgjevar, utdanning og kultur
Telefon 90 84 07 92

Opningstider

 SFO

Før skulen:
frå kl. 07.15 fram til skulestart kl. 09.00
Etter skulen:
til kl. 16.30

Adresse

Vang barne- og ungdomsskule
Tyinvegen 5035
2975 Vang i Valdres
905 72 136