Visma Flyt barnehage

Frå 01.08.2021 brukar barnehagane i Valdres Visma Barnehage som barnehageadministrativt system. I dette systemet er barn, foresatte, ansatte og avdelingar registrert. Visma Flyt Barnehage er kommunikasjonsplattformen mellom heim og barnehage.

Visma Flyt barnehage har både webversjon, kalt foresattportal og ein app. Søknad om barnehageplass i Valdres-barnehagane skal sendast inn via Visma Flyt Barnehage sin foresattportal. Sjå punktet "søk barnehageplass" på heimesida.

Alle foresatte med barn i barnehage har tilgang til ein app knytt til barnet sin barnehage.

Foresattportalen for alle barnehagane

Som foresatt logger du inn på webversjonen av Visma Flyt Barnehage, kalt foresattportalen med ID-porten. 

I foresattportalen kan du:

  • Søkje om plass i barnehage
  • Overskrive/slette søknad
  • Motta tilbod om plass i barnehage
  • Svare på tilbod om plass i barnehage
  • Godkjenne og stadfeste at vedtekter er lest og forstått
  • Sjå oversikt over dine barn og informasjon om barnehage/plasstype
  • Søke om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid

For foresatte som ikkje har norsk fødselsnummer, og dermed ikkje har BankID/MinID, kan barnehageadministrasjonen i kommunen legge inn søknad på vegne av dei foresatte. Ta då kontakt med barnehagefagleg rådgjevar i kommunen.

Min Barnehage Foresatt-app for dei kommunale barnehagane

Som foresatt laster du ned Min Barnehage Foresatt-appen frå Google Play (Android) eller App Store (iPhone). Første gang du loggar inn må du logge på med ID-porten, velge din kommune og opprette ein personleg pin-kode.

Det er viktig at du som foresatt lastar ned appen og loggar inn før barnehagestart for å sikre at kontaktinformasjon og samtykker er oppdatert.

Hovedfunksjonane i Min Barnehage Foresatt-appen:

  • Motta og sende meldingar med barnehagen
  • Melde fråvær til barnehagen
  • Dagbok som fortel om barnet sin kvardag i barnehagen, i form av tekst og deling av bilete
  • Gje, eller avslå samtykker

Det er viktig at du som foresatt registrerar fråvær under funksjonen. Om du ønsker å utdype fråværet må du ta kontakt med barnehagen via melding i app eller ringe avdeling/barnehagen.

Det oppfordres til å ha på varsling slik at du som foresatt får med deg beskjeder om informasjon vedrørande ditt barn.

Treng du hjelp eller ynskjer meir informasjon om Visma Flyt Barnehage?
Ta kontakt med personalet i din barnehage.