Redusert foreldrebetaling

Jf. forskrift om foreldrebetaling i barnehagar skal kommunen tilby inntektsgradert reduksjon slik at foreldrebetalinga per år for ein heiltidsbarnehageplass maksimalt utgjer 6 % av hushaldninga si samla skattepliktige person- og kapitalinntekt, med fastsett maksimalpris som øvre grense.

Frå 01.08.2025 er maksprisen kr 700 per månad. Matpengar kjem i tillegg.

Inntektsgrense for redusert foreldrebetaling

For barnehageåret 2025/2026 har hushaldningar med inntekt på kr 220 000 eller lågare krav på redusert foreldrebetaling. Det same gjeld ved varig nedgang i inntekt inneverande år.

Gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5-åringar

Alle 2-, 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i hushaldningar med låg inntekt, har rett til 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke.

Ordninga gjeld uavhengig av om barnet har deltids- eller heiltidsplass. Det betyr at eit barn med deltidsplass og rett til gratis kjernetid har krav på 20 timar gratis opphaldstid uavhengig av storleiken på plassen. Dersom ein berre nyttar dei 20 timane, er tilbodet gratis.

For barnehageåret 2025/2026 kan hushaldningar med samla inntekt lågare enn kr 669 050 per år søkje om gratis kjernetid for barn fødde i 2020, 2021, 2022, 2023 og barn med utsett skulestart.

Dokumentasjon av inntekt


Kommunen skal sjølv kunne inntektsopplysningar frå skattemyndigheitane for å kunne behandle søknadar om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid med bakgrunn i låg inntekt. Denne ordinga er førebels ikkje på plass slik at søkjarar må sende inn dokumentasjon på inntekt saman med søknaden. Dokumentasjon vil vere skattemelding frå siste året.

Logg inn i altinn.no og finn dokumentet "Skattemelding", som dokumentasjon. Dette er ein pdf som skal sendast inn saman med søknaden.

Dersom ei hushaldning ikkje har skatteopplysningar frå førre året, vil kommunen be søkjar om anna dokumentasjon på hushaldinga si person- og kapitalinntekter.

Dersom det blir søkt om reduksjon med bakgrunn i nedgang i inntekt frå førre år, er det søkjar som må sende inn dokumentasjon til kommunen om årsaken til nedgangen i inntekt og dokumentasjon på ny inntekt. Kommunen fortar ei vurdering på om endringa er varig.

Kven reknast som ei hushaldning?


Som ei hushaldning reknast ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar.

Som sambuarar reknast to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i minst 12 av dei siste 18 månadane, eller har felles barn.

Ved delt omsorg der barn bur fast hos begge foreldre, blir foreldrebetalinga rekna ut i frå inntekta til den som har same folkeregistrerte adresse som barnet.

Søknadsfrist


For barn som har fast plass i barnehagen eller skal starte i barnehagen frå hausten av, bør du søke innan 15.juni.

For søknader før 1. august, gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut barnehageåret. Blir det søkt etter 1. august gjeld vedtaket fra første hele månad etter søknadstidspunktet og ut barnehageåret.

Dersom barnet starter midt i eit barnehageår, kan du sende inn søknad månaden før barnet starter.

Der er mogleg å søke undervegs i året dersom det skjer ei vesentleg og varig endring i hushaldninga si inntekt. Vedtak vil gjelde frå og med månaden etter søknadstidspunktet.

Vedtak


Eit vedtak gjeld som hovudregel for eit barnehageår, 01.08.xx - 30.06.xx. Juli månad er betalingsfri.

Eit vedtak gjort midt i eit barnehageår, gjeld frå månaden etter søknad vart levert og ut barnehageåret.

Det må søkast om redusert foreldrebetaling for kvart barnehageår.

Meir om foreldrebetaling - udir.no
 

udir.no - foreldrebetaling