Friluftsliv i Vang

Ferdselsårer og vedlikehald
Ein kan kontakte Vang kommune ved ynskje om utarbeiding og vedlikehald av sti og andre ferdselsårer. Kommunen har avgrensa kapasitet til å gå ut i felten for å vedlikehalde det store stinettet. Difor er det flott dersom frivillige lag, organisasjonar og foreiningar ynskjer å bidra med vedlikehald av stiar. Merkehandboka er eit viktig hjelpemiddel dersom ein til dømes undrar seg over om ein kan legge kloppar over myrområde, eller andre ting relatert til vedlikehald og arbeid med sti. Sjekk ut Merkehandboka her: https://www.merkehandboka.no/

I Vang er ferdselsårene som kommunen er ansvarleg for merka med kvitt. DNT sine turar er merka med raudt, desse er DNT Valdres ansvarleg for. Kommunen har også kulturløype i Høre/Ryfoss som er merka med blå farge.

Generelt om arbeid med ferdselsårer i Vang:

  • Om du ynskjer å hjelpe til med arbeidet rundt stinettet, er det ein fordel å representere eit idrettslag/ein velorganisasjon/eit turlag som er registrert i Brønnøysundregisteret.
  • Registrering av stiproblem må dokumentarast med bilete. Dette gjeld særleg viss søknad om kulturmidlar er aktuelt.
  • Det må avklarast med grunneigarar om det er mogleg å gjere ynskte inngrep på den aktuelle eigedomen. Nabovarsel kan vere aktuelt. Valdreskart.no kan vera eit godt hjelpemiddel: https://valdreskart.no/

Dersom dei tre punkta ovanfor er i orden må du kontakte Vang kommune og leggje fram ei skildring av ynskt inngrep med framgangsmåte. Ha gjerne med eit illustrerande kartbilete, finansieringsplan og kostnadsoverslag med dokumentasjon. Det aktuelle idrettslag/organisasjon/turlag står ansvarleg for vedlikehald og drift av stien med mindre det blir gjort anna avtale med Vang kommune.

God tur i Vang!

Kontaktinfo

Caroline Marlen Solie Bryntesen
Folkehelsekoordinator og Frisklivsrettleiar
E-post
Telefon 91 12 75 49