- Søknad om seksjonering (leverast i 2 originale eksemplar
Skjema: https://www.regjeringen.no/contentassets/88d05e37b90c4d478457b6a99ec8e247/soknad-om-seksjonering.pdf
Rettleiing til utfylling av skjema finn du her:
https://www.regjeringen.no/contentassets/88d05e37b90c4d478457b6a99ec8e247/veiledning-til-utfylling-av-soknadsskjema-seksjonering-.pdf
Om det er nokon andre som skal søkja, må det leverast fullmakt frå tinglyst eigar.
- Situasjonsplan (med innteikning av eventuelle utandørs tilleggsdeler)
Det må leverast datert situasjonsplan som eigedomens grenser, omriss av busetnad.
Dersom einskilde seksjonar skal ha eksklusive uteareal (utandørs tilleggsdeler) skal desse vere teikna inn i dette kartet.
Sjå informasjon om kor du kan hente kart, lenger ned.
- Planteikning over alle etasjar i bygningen, inkludert kjellar og loft
På teikningane skal areal og avgrensingar teiknast inn. Forslag til seksjonsnummer og kva for bruk de ulike romma har må markerast tydeleg.
Sameiget sine vedtekter skal leggjast ved søknaden. Kommunen skal berre kontrollere at sameiget sine vedtekter er lagt ved.
Dersom du lurer på kva som bør vere med finn du informasjon om minstekrava i
Eigarseksjonsloven her:
https://lovdata.no/lov/2017-06-16-65/§27
Sameige kan ikkje fråvike reglane i eigarseksjonsloven i vedtektene, med mindre reglane seier at du kan.
- Dokumentasjon på at bustaden er godkjent som bueining
Som søkjar må du dokumentera at bustadseksjonane er godkjente bueiningar etter plan- og bygningslova.
- Rekvisisjon (bestilling) av oppmålingsforretning (ved eksklusive uteareal/ tilleggsareal i grunn)
Dersom nokon av seksjonane skal ha eksklusiv rett til å bruke delar av utearealet, må det følgje med rekvisisjon av oppmålingsforretning
Her er lenkje til godkjent skjema: https://www.kartverket.no/globalassets/eiendom/skjema/rekvisisjon-oppmforr-nyn-1223.pdf.
Skjemaet må signerast av dei tinglyste eigarane til eigedomen som bestiller. Dersom nokon andre skal bestilla på vegner av eigarane, må fullmakt leggjast ved.
Rettleiing til utfylling av skjema:
Felt 1: fyll inn eigedomen som skal seksjonerast (kommune-, gards- og bruksnummer).
Kryss av for at det er vedlegg til søknad om seksjonering.
Felt 2: Denne er relevant her: 2a «Eg/vi har grunnboksheimel som eigar(ar) (bokstav a)»
Felt 3: Ved seksjonering skal du krysse «3.7 Nytt eller endra uteareal til eigarseksjon (eigarseksjonslova § 11 andre ledd d, matrikkellova § 6, matrikkelforskrifta § 35)».
Felt 4: Kryss av for vedlegg.
Felt 5: Fakturaadresse: Dersom det er nokon annan eller fleire som bestiller må ein fylla ut fakturaadresse.
Felt 6: Tinglyste eigarar av eigedomen som skal bli seksjonert signerer i desse felta.
- Eventuelt samtykke frå uråderettshavar (1 originalt eksemplar)
Dersom det er tinglyst urådigheit på eigedomen som skal seksjonerast, må det leverast samtykke frå rettshavar.
- Eventuelle koordinatar (ved utandørs tilleggsdelar)
Dersom ein eller fleire av seksjonane skal ha eksklusive uteareal har du moglegheit til å levera koordinatar.
Kommunen kan da vurdera om oppmålingsforretninga kan haldast som kontorforretning, utan måling og merking i marka.
For at kommunen skal kunne vurdere det må det leverast:
- Koordinatfil i SOSI, KOF eller DXF-format
- Koordinatsystem: EUREF89 UTM sone 32
- Fila skal berre innehalde eigedomsgrenser og grenser mellom seksjonane sine uteareal.
- Bygningane koordinatsettast som fellesareal.