- Skjema for krav om samanslåing (kan leverast digitalt)
Her er lenkje til godkjent skjema: Krav om sammenslåing | Kartverket.no
Tinglyst eigar må signere skjemaet. Det må vere same eigare på begge eigedomane.
- Kart (kan leverast digitalt)
Det må leverast datert kart som visar eigedomane som skal samanslåast.
Du kan hente situasjonskartet frå Origo/Kommunegis.
Sjå meir informasjon om korleis du henter ut kart i spørsmål lenger ned.
- Stadfesting på at rettshavare til bruksrett er varsla (kan leverast digitalt)
Med kravet må du stadfeste at du har varsla eventuelle bruksretthavare.
- Pant og hefte må være ordna i forkant av samanslåing (måle verast originalt eller tinglysast på førehand)
Dersom samanslåingen fører til prioritetskollisjon i pantet for den samanslåtte eigedomen, må prioritet avklarast. Enten må det tinglysast prioritetsrekkefølgje eller sletting av pantet.
Ta kontakt med den eller dei som har retten for å få tinglyst dette før du søker.
Kartverket krevje til vanleg at det tinglysast prioritetsavtale mellom panthavarar. Men dei kan også krevje prioritetsavklaring i andre hefte som har økonomisk verdi, som forkjøpsrettar, burettar, leigeavtalar og festeavtalar.
Informasjon om tinglysing av prioritetsvikelse: Prioritetsvikelse | Kartverket.no
Informasjon om sletting av rettar: Hvordan slette fra grunnboken | Kartverket.no
Her kan du sjå grunnboksbladet og kva som er tinglyst: https://eiendomsregisteret.kartverket.no/
Døme på korleis det kan sjå ut på grunnboksbladet der pantet som skal vike er tinglyst:
2019/x1x-1/200 PANTEDOKUMENT
XX.XX.2019 BELØP NOK: XXXXXXXXXX
PANTHAVER: XXX BANK AS
2023/xxxx-1-200 ***prioritetsbestemmelse
XX.XX.2023 VEKET FOR: PANTEDOKUMENT 2023/x2x-1/200