Skjema: https://www.dibk.no/globalassets/blanketter_utfyllbare/alle-blanketter/5153n-soknad-om-loyve-til-tiltak-utan-ansvarsrett-2020.pdf
Me anbefaler å nytte dette skjemaet og å fylle ut skjema så godt som mogleg for å få med relevant informasjon i saka.
Så lenge riktig informasjon kjem fram i søknaden på ein oversiktleg måte, treng ikkje dette skjemaet nyttast.
Om det er nokon andre som skal søkja, må det leverast fullmakt frå tinglyst eigar.
Ved søknad må søkjar oppgjeve kva formål areala skal nyttast til.
Det må leverast datert kart med markering av kva grenser som skal gås opp, samt dei eksisterande eigedomstilhøva. Kartet må vere av nyare dato og vise dagens situasjon.
Du kan hente situasjonskartet frå Origo/Kommunegis.
Frådeling må nabovarslast. Minst to veker før varslinga skal innehalde dei opplysningane som gjevast i søknaden, med relevante vedlegg som kart. Dette slik at naboar får høve til å uttale deg om saka. Om ein nabo kjem med merknad til nabovarselet, skal du legge denne ved søknad om løyve med kommentar til merknaden.
Her finn du nabovarselskjema: Søknad om byggesak - Direktoratet for byggkvalitet
Nabovarsel (skal sendast berørte naboar og gjenbuarar)
Opplysningar gjeve i nabovarsel (leggjast ved søknaden)
Kvittering for nabovarsel (leggjast ved søknaden)
Ulike tenesta tilbyr også digitalt nabovarsel, til dømes e-torg.no og infoland.no
- Rekvisisjon (bestilling) av oppmålingsforretning
Godkjent skjema for rekvisisjon av oppmålingsforretning ved søknadspliktige tiltak (Plan- og bygningsloven og tilsvarande lovverk):
https://www.kartverket.no/globalassets/eiendom/skjema/rekvisisjon-soknplikt-nyn-2404.pdf
Kven skal signere (side 3 i skjema): Alle tinglyste eigarar av eigedomen som skal delast frå.
Om det er nokon andre som skal bestille oppmålingsforretning, må det leverast fullmakt frå tinglyst eigar.
- Eventuelle erklæringar på veg-, vatn- og avlaupsrettar (eksisterande og nye)
Dersom den nye eigedomen må ha veg og/eller vatn- og avlaupsanlegg over ein grunneigar sin eigedom, må du leggje ved erklæring/avtale på det. Det same gjeld for gjenværande eigedom om den må køyre over eller ha vatn- og avlaupsanlegg over den nye eigedomen.
Det anbefalast å tinglyse rettane slik at det er tydeleg for ettertida. Saksbehandlar kan rettleie med eit forslag/mal til erklæring dersom dette er behov.