Arealoverføring

For å gjere eigedomsgrenser mellom naboeigedomar meir hensiktsmessige, kan du søke om grensejustering (små endringar)  eller arealoverføring mellom eigedomane (ved større endringar).

Arealoverføring skjer i to trinn/prosessar:

  1. Som ved frådeling av ny eigedom må løyve til arealoverføring frå ein eigedom til ein annan behandlast etter plan- og bygningsloven (pbl) og eventuelt jordlova.
  2. Løyve til arealoverføring blir gjennomført etter matrikkellova (ml) gjennom ei oppmålingsforretning. Med partar til stades vert grensepunkt merka, bruksrettar avklara og protokoll ført. Nye grenser blir lagt inn i eigedomsregisteret (matrikkelen) og det arealet som blir overført frå eit gnr/bnr går inn i mottakarteigen sitt gnr/bnr utan at nytt matrikkelnummer (gnr/bnr) blir oppretta. Arealoverføring blir tinglyst saman med «eit skøyteliknande dokument»; Erklæring om arealoverføring.

Partane i arealoverføringa må sørge for eventuelle pantefråfall i den avgivande eigedomen. Matrikkelbrev for eigedomen som mottek areal blir utstedt og sendt eigar og andre partar med 3 vekers klagefrist.

Etter at det er gitt løyve til deling etter plan- og bygningsloven (1) går saka automatisk vidare til oppfølging etter matrikkelloven (2), med mindre det er søkt om utsett oppmålingsforretning.

Saksbehandlingstid

Saksbehandlingsfristen for delevedtak etter plan- og bygningsloven er 12 veker frå kommunen har motteke ein komplett søknad. 

Saksbehandlingstida frå delevedtak etter plan- og bygningsloven til utsendt matrikkelbrev er 16 veker.

Vang kommune har vinterforskrift frå 01.11–15.05. Det betyr at fristen på 16 veker for gjennomføring av løyve til deling/arealoverføring ikkje gjeld i denne perioda.

Slik søker du om arealoverføring

  1. Situasjonskart der omsøkt tiltak er vist må fylgje alle saker om deling/arealoverføring. Situasjonskart kan du skrive ut frå kommunen si  kartløysing. Du kan og bestille situasjonskart frå kommunen og sjølv markere arealet du søkjer delt/overført.
  2. Du kan bestille naboliste frå kommunen. Send ut nabovarsel basert på lista frå kommunen. Du kan bruke skjemaet for nabovarsel og kvittering frå Direktoratet for Byggkvalitet (DiBK). Naboane skal ha kopi av dei same vedlegga som du sender til kommunen.
  3. Send søknadsskjema til kommunen. Hugs at alle eigarar av berørte eigedomar må signere søknadsskjemaet.

Vedlegg

  • Fyljebrev med utgreiing av formålet med arealoverføringa.
  • Kart som viser ynskt grenseforløp etter arealoverføringa.
  • Opplysningar sendt i nabovarsel og kvittering for nabovarsel.
  • Rekvisisjon av oppmålingsforretning
  • Erklæring om arealoverføring. NB! Må fyllast ut i to eksemplar. 
  • Erklæring om pantefråfall frå panthavarar i areal som skal overførast.
  • Andre vedlegg kan vere aktuelle for den enkelte saka.

Lenker

Søknadsskjema / rekvisisjon av oppmålingsforretning (PDF, 263 kB)

Erklæring om arealoverføring (PDF, 101 kB)

Kart

Skjema for nabovarsel frå DiBK

Relevante lover

Plan- og bygningsloven (pbl)

Jordlova

Matrikkellova (ml)