Må eg søkje?

Du må fylgje plan- og bygningslova med forskrifter når du skal bygge eller gjere endringar på eigedomen din. Sjekk om du må søkje kommunen om løyve gjennom DiBK sin rettleiar

Dersom du finn at tiltaket ikkje er søknadspliktig (jf. pbl § 20-5), informerer du kommunen gjennom å sende inn meldingsskjema med situasjonskart

Dersom du finn at tiltaket er søknadspliktig (jf. pbl §§ 20-3 og -4) – trykk her (lenke til «søknadspliktig tiltak»)
 
Viktig å hugse: Tiltak i strid med plan- og bygningslova, kommune- eller reguleringsplaner er alltid søknadspliktige. Du finn kommune- og reguleringsplaner i kartløysinga Valdreskart (lenke til kartside). Ved terrengarbeid må du sjekke om det ligg ledningar i grunnen – du kan ikkje endre terreng over ledning utan samtykke frå ledningseigar. Om eigedomen ligg mot veg og det ikkje er byggegrenser i kommune- eller reguleringsplaner, gjeld veglovas byggegrenser. Kontakt vegvesenet om du er i tvil. Det er ikkje krav om nabovarsling, men vi rår likevel å underrette naboar om tiltaket.

Kontaktinfo

Arne Belsheim
Byggjesaksbehandlar
E-post
Telefon 61 36 94 72
Arnhild Marie Kvamme
Byggjesaksbehandlar
E-post
Telefon 61 36 94 78