Lærling helsefagarbeider

Illustrasjon helsearbeider - Klikk for stort bilete

Vang kommune har lang erfaring som lærebedrift. Som lærebedrift har me ein fantastisk mogelegheit til å skreddarsy framtidig bemanning. Samtidig tek vi eit stort samfunnsansvar ved å vere lærebedrift.

Nye auge og ny kompetanse er ei viktig invistering inn i bedrifta og framtida. Me er medlem i Valdres Opplæringskontor (VOPP) som er ein del av Innlandet Fylkeskommune. VOPP teiknar lærekontrakt med lærlingen, medan kommunen sjølv har det formelle arbeidsgjevaransvaret.

Me i samarbeid med VOPP følgjer opp lærlingen i heile læreperioden. Me har kompetente faglige leiarar og instruktørar som rettleiar lærlingar i praksis. VOPP sørger for at lærlingen blir meldt opp til fagprøve. Samtidig har me samarbeid med vidaregåande skular og ungdomsskular for å sikre rekruttering, og hjelper til med formidling av potensielle lærlingkandidatar.

Søk lærlingplass helsefagarbeider her (Søknadsfrist er 1.mars)