Smittesituasjonen i Vang kommune, 05.01.22

I Vang har alle elevar på VBU og vidaregåande skule, og tilsette på VBU og barnehage testa seg før skulestart ved hjelp av sjølvtestar. Kommunen har ikkje fått melding om positive prøvesvar.

- Dette gir oss ei god oversikt i starten året. Barn, unge og tilsette i skule og barnehage har gjort ein god innsats for å bremse smittespreiinga. Det viser desse resultata, rosar kommunalsjef Guro Råheim Kvam.

- Samstundes veit me at det er forventa ei stor bølgje med smitte i januar, og risikoen for å bli smitta er høgare med omikron-varianten, legg ho til.

I følgje FHI har me no eit kort tidsintervall før smitta raskt vil stige, og i dette tidsrommet er det viktig å få vaksinert flest mogleg. Vaksine vil beskytte den einskilde godt. Dei som ikkje er vaksinert utgjer no halvparten av dei som blir lagt inn i sjukehus for covid-19.

-Vår oppmoding er at alle som kan tek vaksinen, legg leiar for kriseleiinga Erlend Haaverstad til.

Alle som skal ha oppfriskingsdose blir ringt etter tur og orden for å avtale time. Ynskjer du 1. eller 2. dose kan du ringe for å avtale tid på legekontoret, tlf. 61 36 95 00. 

Det kan sjå ut til at færre blir alvorleg sjuke av omikron-varianten, men samstundes kan me vente fleire som blir smitta. Det vil kunne få alvorlege konsekvensar dersom smitten kjem inn på sjukeheimar eller i heimar der det bur menneske som har underliggjande sjukdomar, eller som av andre grunnar ikkje har hatt høve til å ta vaksinen mot covid-19. Det vil også få store konsekvensar om mange i samfunnskritiske yrker eller nokon i deira husstand blir smitta, og dermed må gå i karantene. Kriseleiinga minner om følgjande:

  • Ver heime om du er sjuk
  • Test deg ved symptom
  • Ha få nærkontaktar