Koordinerande eining

Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering skal bidra til å sikre heilskaplege og koordinerte tilbod til pasientar og brukarar med behov for tenester frå fleire fagområder, nivå og sektorar.

Eininga sitt overordna ansvar for Individuell plan og koordinator er sentralt. Ansvaret omfattar alle pasient- og brukargrupper med behov for langvarige og koordinerte tenester, og er ikkje avgrensa til habilitering og rehabilitering.

Koordinerande eining kan bistå ved ynskje om eller behov for Individuell plan, dersom du ynskjer og har rett til ein person til å vere med å koordinere dei tenestene du mottek eller vera vegvisar innan helse- og velferdsområdet.

Koordinator

Ein koordinator skal syte for naudsynt oppfølging av tenestemottakar og sikre samordning av tenestetilbodet. Ein av tenesteytarane i kommunen blir oppnemd som koordinator og skal vera kontaktperson for tenestemottakar, dersom denne ynskjer det og har rett til koordinator.  Dersom tenestemottakar ynskjer ein individuell plan har koordinator ansvar for at denne blir oppretta, utarbeidd og evaluert.

Barnekoordinator

Familiar som har eller ventar barn med alvorlieg sjukdom, skade eller nedsatt funksjonsevne, og der barnet vil ha behov for langvarig og koordinerte helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester har rett til å få barnekoordinator. Det er særskilde vilkår som må vere oppfylt for å få dette.

Ta kontakt med Koordinerande eining, helsestasjon eller tilrettelagte tenester ved spørsmål eller ynskje om barnekoordinator.

Individuell plan

Individuell plan er eit verktøy for samarbeid mellom tenestemottakar og ulike tenesteytarar. Planen skal gje ei oversikt over kva mål tenestemottakar har, kva tiltak som må på plass for å nå måla og kven som er ansvarleg. Individuell plan blir oppretta i Visma Flyt Samspill, som legg til rette for elektronisk tverrfagleg smahandling.

Korleis få koordinator og Individuell plan?

Ved ynskje om koordinator og/eller Individuell plan må ein sende ein skriftleg søknad. Bruk elektronisk søknadskjema og send søknaden til Vang kommune. 

Søknadsskjema

Melding om koordinator / barnekoordinator / individuell plan

Kontaktinfo

Barbro Hegge
Avdelingsleder psykisk helse
E-post
Mobil 47 46 39 43
Stine Solemsli
Leiar Vangsheimen og heimetenesta
E-post
Telefon 90 89 60 12
Seija Johanna Kumpula
Leiande helsesjukepleier
E-post
Telefon 47 70 50 38
Mobil 97 74 37 75
Hanne-Kjersti Berge
Ergoterapeut
E-post
Mobil 99 09 88 17
Elisabeth Hålien
Leiar Tilrettelagte tenester
E-post
Mobil 99 09 00 13

Adresse

Tyinvegen 5150
2975 VANG I VALDRES