Innsatsteam

Tverrfagleg team for barn og unge i Vang kommune

Nokon barn og unge har det ikkje alltid så lett. Kanskje treng dei litt ekstra oppfølging eller hjelp. Då kan det vere fint å ha ein prat om utfordringane og bekymringane. Innsatsteamet er eit lågterskeltilbod. Målgruppa er familiar som ventar barn og/eller har barn og ungdom i alderen 0-18 år.

Målet med innsatsteamet er å gi foreldre og kommunen sine instansar høve til å drøfte situasjonen for eit barn, og sikre tidleg og riktig tiltak for barn, unge og deira familiar.

Innsatsteamet er eit tverrfagleg samansett team med faste deltakarar frå ulike fagområde, med ulik kunnskap og erfaring.

Innsatsteamet består av representant frå:

  • Kommunepsykolog
  • Helsestasjon/skulehelsetenesta
  • fastlege
  • Psykisk helseteneste
  • Skule
  • Barnehage
  • Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)
  • Barneverntenesten
  • BUP
  • Ved behov kallast andre samarbeidsinstansar inn.
     

Barneansvarleg i psykisk helseteneste er leiar for Innsatsteamet

Foreldre og barn over 16 år kan sjølv søke teamet om hjelp. Barnehage, skule og andre samarbeidsinstansar kan også bistå med søknad.

Innsatsteamet har møter andre tirsdag i kvar månad.
Søknadar skal sendast to veker før møtet til:

Vang kommune v/ Leiande Helsesjukepleier Seija Johanna Kumpula
Tyinvegen 5151
2975 Vang i Valdres

 

Kontaktinfo

Seija Johanna Kumpula
Leiande helsesjukepleier
E-post
Telefon 47 70 50 38
Mobil 97 74 37 75