TryggleiksalarmTenesta er for personar som på grunn av helsetilstand har behov for å tilkalle hjelp og/eller kjenner seg utrygge ved å bu åleine heime Institusjons- og heimebaserte tenster disponerer 50 tryggleiksalarmar. Tryggleiksalarmane er kopla til 110-sentralen på Elverum som direktekoplar varlsinga til heimesjukepleia. Du må ha fasttelefon for å få montert tryggleiksalarm. Vaktmester avtaler tid for montering direkte med deg. Du får montert nøkkelboks likt med alarmen. Alarmen blir kontrollert 1 gong i månaden. Du må gje beskjed om ekstra testing av alarmen din dersom du meiner den ikkje fungerer som den skal. Ver merksam etter tordevær etc. Alarmen skal du alltid bera på deg, og trykkje på ved behov. Det er heimetenesta, som rykker ut ved utløyst alarm. Søknad Søknadsskjema får du ved å kontakte Institusjons- og heimebaserte tenester, eller her. (PDF, 87 kB) Om ein annan søkjer på vegne av deg, må vedkomande ha fullmakt frå deg. Fullmakt skal leggast ved i søknaden. Råd, rettleiing og hjelp til å fylle ut søknaden kan du få av oss. Søknad sendast Vang kommune Institusjons- og heimebaserte tenester Tyinvegen 5150 2975 Vang i Valdres Søknad kan ikkje sendast elektronisk grunna personvernet. Pris Betalingssatser Tryggleiksalarm Betalingssatser Tryggleiksalarm Leige Pris Leige pr. månad 227 kr. Installasjon (eingongskostnad) 546 kr. Sist endra 03.02.2022 12.19