HeimesjukepleieHeimesjukepleie blir ytt til akutt og kronisk sjuke, utan omsyn til alder og økonomi, som bur eller har mellombels opphald i kommunen. Heimesjukepleie er ei heildøgnsteneste. Tenesta gjev hjelp til personar som ikkje greier seg sjølve i det daglege, og som har eit reelt behov for nødvendig helsehjelp. Ein legg tilrette for at innbyggjarane skal bli buande i eigen heim så lenge det er fagleg forsvarleg. Målet er å gje individuelt tilpassa tenester etter behov, utan omsyn til alder, diagnose eller bustad i Vang. Målgruppe for tenesta Personar utan omsyn til alder, som på grunn av funksjonshemming, sjukdom eller skade treng hjelp til pleie og omsorg. Heimesjukepleie blir gjeve til Hjelp til personleg stell Hjelp ved måltid Hjelp ved forflytting Hjelp til bruk av medikament, injeksjonar, sårstell, stomistell, blodprøvetaking m.m. Formidling av behov for hjelpemiddel Tilsyn og fagleg vurdering Rettleiing til personar og pårørande i høve til demens, andre diagnoser el. Livssituasjonar Utrykking ved bruk av tryggleiksalarm Stell og pleie i heimen ved alvorleg sjukdom Heimesjukepleia kan og yte hjelp til ei verdig livsavslutning Søknad Søknadsskjema får du ved å kontakte Institusjons- og heimebaserte tenester, eller her (PDF, 87 kB) Om ein annan søkjer på vegne av deg, må vedkomande ha fullmakt frå deg. Fullmakt skal leggast ved i søknaden. Råd, rettleiing og hjelp til å fylle ut søknaden kan du få av oss. Søknad sendast Vang kommune Institusjons- og heimebaserte tenester Tyinvegen 5150 2975 Vang i Valdres Søknad kan ikkje sendast elektronisk grunna personvernet. Klage Ein har klagerett j.fr. Pasient og brukerrettighetsloven kap.7 §7-2 og Forvaltningsloven §§28,29. Klagen sendas same instansen som har fatta vedtaket innan 4 veker etter motteke vedtak. Sist endra 03.02.2022 12.09