HeimehjelpDu kan få tildelt praktisk bistand som heimehjelp og/eller praktisk opplæring slik at du kan bu heime, og førebygge behov for høgare omsorgsnivå. Arbeidsoppgåver brukarane sjølve ikkje kan utføre, vil bli prioriterte. Formålet er å yte hjelp til daglege, praktiske gjeremål i heimen og i tilknyting til hushaldinga. Målgruppe for tenesta Søkjarar som på grunn av alder, funksjonshemming, sjukdom eller andre årsaker har eit særleg behov for praktisk hjelp i heimen til daglege gjeremål. Kriterier for tenesta Tenesta blir tildelt etter individuell vurdering, og behovet blir vurdert fortløpande. Ein tek utgangspunkt i det den einskilde kan klare sjølv og den einskilde sin livsituasjon. Pris Betalingssatsar Heimehjelp/praktisk bistand Betalingssatsar Heimehjelp/praktisk bistand Inntekt Pris Inntekt inntil 2 G 215 kr. pr. månad Inntekt 2 til 3 G 139 kr. pr. time Inntekkt over 3 G 166 kr. pr. time Søknad Søknadsskjema får du ved å kontakte Institusjons- og heimebaserte tenester, eller her (PDF, 87 kB) Om ein annan søkjer på vegne av deg, må vedkomande ha fullmakt frå deg. Fullmakt skal leggast ved i søknaden. Råd, rettleiing og hjelp til å fylle ut søknaden kan du få av oss. Søknad sendast Vang kommune Institusjons- og heimebaserte tenester Tyinvegen 5150 2975 Vang i Valdres Søknad kan ikkje sendast elektronisk grunna personvernet. Klage Ein har klagerett j.fr. Pasient og brukerrettighetsloven kap.7 §7-2 og Forvaltningsloven §§28,29. Klagen sendas same instansen som har fatta vedtaket innan 4 veker etter motteke vedtak. Sist endra 15.10.2019 14.35