Omsorgsbustadar

Institusjons- og heimebaserte tenster disponerer 15 omsorgsbustader,- 2 i Ryfoss og 13 i Vang sentrum. Omsorgsbustad skal bidra til å legge tilrette for mestring av daglege gjeremål og at
pasient/brukar opprettheld funksjonsnivå lengst mogleg.

Målgruppe for tenesta
Innbyggjarar i Vang kommune som på grunn av funksjonshemming, sjukdom eller skade
treng ein annan bustad, og dette behovet ikkje kan dekkjast i privat marknad.
Meir informasjon
Omsorgsbustad blir tildelt etter vurdering av din livssituasjon.
Søkjaren som blir prioritert, blir vurdert å ha størst behov. Du kan bli sett på venteliste, men
det er søkjar med størst behov på det tidspunktet det er ledig bustad som blir prioritert
uavhengig av søknadstidspunkt.
Bustaden har ikkje fast bemanning, og andre omsorgstenester må søkjast om individuelt.
Bustaden har ikkje vaktmesterteneste. Kommunen brøyter og strør vegen til bustaden. Felles
grøntareal blir stelt i sommarhalvåret.
Du betaler sjølv utgifter til straum, oppvarming, telefon og forsikring av eige innbu.
(Kommunen si forsikring dekkjer berre det som kommunen eig)
Nøkkel til bustad får du på kontoret Vangsheimen når du skriv under på husleigekontrakt
Bustaden skal vera rein og i fullgod stand når du flytter inn

Omsorgsbustadar

Kontaktinfo

Veronica Ortiz
E-post
Telefon 61 36 95 20
Rita Helen Dalemark
Avdelingsleiar langtid Midtgarden
E-post
Telefon 61 36 95 22