Grindatun og Bakkehaugen bufellesskap

Bakkehaugen bufellesskap er eit kommunalt bygg som inneheld 3 leiligheiter + eit felleareal. Her leiger kommuna ut bustadar for dei som treng ulik bistand i sin kvardag.
Grindatun bufellesskap er òg eit kommunalt bygg som inneheld 4 leiligheiter og eit fellesareal. Her bur òg menneske med ulike bistandsbehov, og som treng hjelp og tilrettelegging i kvardagen. Det er òg knytta andre frittståande kommunale utleigebustadar til Grindatun.
Grindatun har tilbod om Avlastning i institusjon, òg kalla Barneavlastningen, i ei av leiligheitane med tilsyn, basert på enkeltvedtak om tenesten.
Bakkehaugen og Grindatun er dei geografiske plassane for utleigebustadane, der det òg arbeidar tilsette rundt brukarar.
Det vert òg nytta begrepa Base Sør og Base Nord.
Base Sør har sin basestasjon på Bakkehaugen, der administrasjon/ tilsette og fagkompetansen er.
Base Nord har same funksjon med Grindatun som sin basestasjon.
Me har pasienter/brukarar som bur i private bustadar, og som har behov for samansatte tenester på ulike nivå. Ansvar for enkelte av desse vert då lagt inn under ei av basene, basert på dei tilsettes kompetanse og lokalisasjon.

Kontaktinfo

Elisabeth Hålien
Leiar miljøtenesta
E-post
Telefon 61 36 95 50
Mobil 990 90 013
Marita Østborg
Avdelingsleiar Grindatun og Bakkehaugen bufellesskap
E-post
Telefon 61 36 80 29
Mobil 905 80 097

Adresse

Bakkehaugen
Åsvangvegen 2
2975 Vang i Valdres

Grindatun
Tyinvegen 5136
2975 Vang i Valdres