HjelpemiddelKommunen er (med)ansvarleg for formidling og utlån av tekniske hjelpemidler, både for kortare og lengre behov. For behov for hjelpemidler i kortare perioder (inntil 2 år) har kommunen eit korttidslager. Lageret på Vangsheimen har eit utval av dei mest vanlege hjelpemidlene for rørslehemma. Lageret er tilgjengeleg måndag-fredag 08.30 – 15.30. For behov over 2 år har NAV Hjelpemiddelsentral ansvar for alle typer hjelpemidler. Dette er hjelpemidler m.a innan rørsle (inkl. bil), syn, hørsel, kognisjon og kommunikasjon. Det er og mogleg å søke om hjelpemidler til tilrettelegging av arbeidsplass. Dette gjeld både for offentlege og private verksemder. Dersom du har behov for enkle reparasjonar eller service på hjelpemidler kontakt vaktmeister Lars Øyvind Hovda på telefon 904 77 944 i tidsrommet 8.30 - 15.30 på kvardagar. Korleis går eg fram? Kontakt ergoterapeut, fysioterapeut eller vaktmeister ved behov for hjelpemidler frå kommunalt korttidslager. Kontakt ergoterapeut eller fysioterapeut dersom du har behov for hjelpemidler for langvarig bruk. Kontaktinformasjon syns- og hørselshjelpemidlar Synskontakt: Torgunn Tildheim, tlf. 61 36 95 20 (Uppigarden) E-post: torgun.tildheim@vang.kommune.no Hørselskontakt: Ann-Veronica Bjørnstad, tlf 61 36 95 20 (Uppigarden) E-post: ann.veronica.bjornstad@vang.kommune.no Hjelpemiddel NAV Link til NAV Sist endra 30.05.2022 10.48