FrisklivssentralenFrisklivssentralen (FLS) er ein kommunal førebyggjande helseteneste og tilbyr hjelp til endring og meistring av levevanar. Frisklivssentralen gir strukturert oppfylgjing primært gjennom helsesamtale, tilbod om fysisk aktivitet, kosthaldsendring og snus- og røykeslutt.Frisklivssentralen ligg i kjellaren på Vangstunet.Alt kommunalt helsepersonell + NAV-tilsette kan henvise brukarar til Frisklivssentralen. Men ein kan også ta direkte kontakt med sentralen sjølv.Frisklivsresepten gir tilgang til 12 veker rettleiing og oppfylgjingstiltak innan fysisk aktivitet, kosthald og tobakk, og er eit lågterskeltilbod for alle aldersgrupper.Frisklivssentralen har også ein del gruppetilbod av ulike slag. Deltakelse på gruppetilbod stiller ikkje krav om at ein lyt ha ein frisklivsresept. Balansetrening Tid: Torsdagar kl 14.00 Stad: Aktivitetsparken eller biblioteket Instruktør: Frisklivsrettleiar Bakkedrag og styrketrening Tid: Tysdagar kl. 11.00 Stad: Aktivitetsparken Ansvarleg: Frisklivsrettleiar Gågruppa Tid: Tysdagar 18.30 Stad: Utanfor Ryfoss treningssenter Ansvarleg: Gudrun og Margrete Gudrun Gustavsen 99 71 43 72 Bra mat kurs hausten 2021 Tid: 29. september, 6. oktober, 20. oktober og 3. november 17.30- 19.30 Sted: Høre samfunnshus Ta kontakt om du er interessert eller treng meir info! Epost: frisklivssentralen@vang.kommune.no Tlf: 957 45 180 Kursavgift: 300 kr Påmelding innan: 22. september 2021 DROP-IN på Ryfoss treningssenter: Tid: 22. september 2021 Bli kjent med senteret og få ein innføring i korleis apparata fungerer. Drop-in tider: 12.00-13.00 18.00-19.00 Ansvarleg: frisklivsrettleiar og instruktørar Gudrun og Margrete Indviduell trening Ryfoss treningssenter. Finn du noko av interesse? Noko du saknar av tilbod? Ta kontakt med oss! Sist endra 17.08.2021 11.32