Vinnar i Gnist-programmet er kåra

Klynga på KlokkarhaugenKlynga frå Klokkarhaugen stakk av med sigeren i Gnist-programmet i Vang kommune. 

Det er eit team beståande av vangsjeldningene Eirik Høyme Rogn og Endre Vik, Sommerhotellet-eigar Trine Grann, Vinjerock-sjef Sigrid Skjerdal og den utflytta valdrisen Marius Waagard som har kome opp med vinnarprosjektet. 

- Vårt konsept tek utgangspunkt i ein grundig kartlegging av behova til innbyggerane og det lokale næringslivet. Dette gjer oss ein forankring som vil være heilt avgjerande for realisering av forslaget. Samstundes har vi lagt lista ganske høgt for uteareal og dyrking av naturkvalitetar. Me håper dette kan skape begeistring lokalt. Behov og begeistring i skjønn forening er ein god suksessoppskrift, seier Eirik Høyme Rogn. 

Sjå presentasjon av Klynga på Klukkarhaugen her. 

 

Slik var juryen si grunngjeving:

Forslaget svarer ut lokale behov og demonstrerer en helhetlig visjon for sentrum, med bred involvering av både innbyggere og næringsliv. God lokal forankring, og en nedanfra-opp tilnærming for sentrumsutvikling som vil kunne ha overføringsverdi til mange andre distriktskommuner - forslaget demonstrerer samskaping i praksis. Forslått trinnvis utvikling gjør det i tillegg mindre sårbart.  

 

Dette er Gnist:

Gnist er eit innovasjonsprogram for kommuner som vil jobbe på nye måtar med stads- og næringsutvikling. Programmet gir kommunane ny kompetanse, metodar og verktøy til å ta tak i sine spesifikke utfordringar, og snu desse til moglegheiter og nyskaping.

Målet er å bidra til nye arbeidsplassar og meir attraktive lokalsamfunn i heile landet. Programmet er initiert av DOGA og Nordic Edge, i samarbeid med Distriktssenteret, Innovasjon Norge, Nasjonalt program for leverandørutvikling (LUP), KS, Siva, Forskningsrådet og Husbanken.   

Norconsult er engasjert til å drive følgeforsking og metodeutvikling for å bidra til kompetansebygging og skalering. Følgeforskinga er finansiert av DOGA, Distriktssenteret og fylkeskommunene Innlandet, Rogaland og Troms og Finnmark.