"Ventilordningen" - kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder

Regjeringa har gitt midlar til kommunane for at kommunane skal kunne støtte opp om lokale verksemder der statlige ordningar ikkje  treff godt nok. Lokale tilhøve skal bli lagt til grunn.
Vang kommune har fått tildelt 250.000 kr.

Søknadsfrist 20.4.2021.

  • Verksemder kan søke om å få kompensasjon for svikt i salsinntekter i perioden november 2020 – februar 2021.
  • Ordninga vil gjelde dei bransjane som vart mest ramma, og som også er nemnt spesielt av Stortinget. Vang kommune har vald å prioritere verksemder som er registrert i NAC-kode 55-56 hotell og serveringsstad.
  • Kompensasjonsgrunnlaget for den enkelte verksemder vert utrekna  ved å summere differansen mellom salsinntekter i dei fire månadene (november 2020 - februar 2021) og tilsvarande eitt år tidlegare; altså nedgangen i omsetning.
  • Alternativt om det ikkje var omsetning eitt år tidlegere, kan dei  fire månadene  før november 2020 bli brukt.
  • Kompensasjon for tap på varelager og andre kostnader

Det er foreløpig noko uklart om det kjem ein revidert statlig ordning  som kan dekke fleIre typer kostnader for nemnte periode. Dette er venta å  bli avklart innan  utløp av søknadsfristen.

Med atterhald om dette ber vi om at søkjarane opplyser om faktiske tap av typen "andre kostnader".

Krav

  • Kun foretak registrert i Vang kan søke
  • Gjeld verksemder som er registrert i NAC-kode 55-56 hoteller og serveringsstadar
  • Verksemder med fleire tilsette og størst omsetning vil bli prioritert
  • Verksemder skal ikkje søke liknande kompensasjon gjennom andre statlege ordningar
  • Dokumentasjon på omsetning frå regnskapsfører legges ved.
  • Verksemder må oppgje om dei i perioden 2019-2021 har mottatt offentlig støtte og korleis  denne er heimla.

Innkomne søknader vil bli behandla av formannskapet etter utløp av søknadsfristen.

Søknaden sendes til : post@vang.kommune.no   - alternativ pr post til  Vang kommune, Tyinvegen 5161 2975 Vang i Valdres