Vedtektsendring barnehagane

 Til orientering:
Opptaksutvalet hadde barnehageopptak i mars 2021, der utvalet drøfta saken om å «sette grense» for kvar ein kan søke barnehageplass.

Opptaksutvalet meinar at ein bør kunne sjå på korleis ein plassera barn ifht krinsar ein soknar til. Ein kan sjå ut av søkjerlista til barnehagane at born ikkje vert søkt inn i barnehagen ein soknar til. Opptaksutvalet sendte saken til hovudutval for levekår.

Hovudutval for levekår hadde saken til drøfting og politisk handsaming 5.mai. Levekår fatta vedtak og godkjente revidering av vedtektene til barnehagen med dei endringane som låg føre.

I hovudsak gjeld dei nye vedtektene i frå dags dato:

Ein får tildelt plass i barnehagen barnet soknar til. Grindaheim og Øye får i hovudsak plass i Fredheim barnehage, og Åsvang, Ryfoss og Høre får i hovudsak plass i Høre barnehage. for meir utfyllande informasjon les barnehagen sine vedtekter her   (PDF, 308 kB)