Ved bortfall av kommunikasjon (telefon og internett)

Satelittelefon på Vangsheimen

Ved bortfall av telefon/internett vil det bli bemanna ein satelittelefon på Vangsheimen. Her kan du få hjelp til å kontakte naudsentralar, når anna kommunikasjon ikkje fungerer.

Oppmøtestad Ryfoss ambulansestasjon

I samarbeid med Røde Kors, Valdres brannvesen og Vestre Slidre kommune vil Ryfoss ambulansestasjon bli bemanna ved situasjoner med omfattande bortfall over noko tid

Jaktradio

Bruk "Jakt 6"- kanalen

Ved bortfall av telefon og internett vil kommunen nytte jaktradioar som reserve. Kommunen tilrår alle som har jaktradio liggjande om å sette dei på lading.