Vaksineringsstatus i Vang kommune - veke 27

I Vang kommune har me så langt vaksinert 803 personar med fyrste dose og 500 personar med andre dose (per 08.07.2021).

Kven sin tur? 

I veke 28 får me 49 dosar og 46 av desse dosane går til 2. dose vaksinering. I veke 29 får me 77 dosar og 27 av desse går til 2. dose vaksinering. Etter planen vil me bli ferdig med 47-åringane i kommunen i veke 29. 

 

Alle som er 47 år eller eldre skal ha fått tilbod om vaksine

Er du 47 år eller eldre og ikkje har fått time til vaksinering, då ber me deg om å ta kontakt med legekontoret fredag, tlf. 61 36 95 00.

 

Tilbod om vaksine til barn-ungdom i alderen 12-15 år med alvorleg grunnsjukdom

FHI tilrår no at barn og ungdom med særleg alvorleg grunnsjukdom får tilbod om vaksine, og at dette for aldersgruppen 12-15 år omfattar dei same sjukdommane/medisinske tilstandane som dei som fekk tilbod i 16-17-årsalderen. Les meir om dette her. 

 

Råd, reglar og unntak for koronavaksinerte

Er du vaksinert, må du følgje dei råda og reglane som resten av befolkninga, men du har nokre unntak. Du kan lese om kva unntak som gjeld her. 

 

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Vang legekontor på tlf. 61 36 95 00 fredagar.