Vaksineringsstatus i Vang kommune – veke 24

 I Vang kommune har me så langt vaksinert 619 personar med fyrste dose og 438 personar med andre dose. (per 17.06.21)

I veke 25 vert me ferdige med 18-64 år med kronisk sjukdom. Ikkje alle med astma er kontakta fordi mild medisinering ikkje inneber auka risiko for alvorleg koronavirussjukdom. 

I veke 26 reknar me med å nesten vere ferdig med 59-åringane. 
Alle vert oppringt i tur og orden for å avtale tid for vaksinering. 

Vang kommune forheld seg til FHI si prioriteringsliste. 

Har du spørsmål: Ta kontakt med Vang legekontor på tlf. 61369500 fredagar. 

 

Koronasertifikat

Du kan no logge deg inn her for å sjå ditt koronasertifikat.  Formålet med koronasertifikatet er å hjelpe til med å opne opp att landet. Sertifikatet kan brukast ved grensepassering inn til Norge. For innanlandsbruk vil sertifikatet bli teke i bruke ved trinn tre i regjeringa sin plan for å opne landet. I trinn tre vil ein kunne bruke sertifikatet på større arrangement og kystcruise.  Sertifikatet kan ein vise fram digitalt, eller skrive ut på papir. Det vert jobba med å finne ei løysing for ikkje-digitale brukarar.