Trafikksikker kommune - Mai 2022 sikring av barn i bil

Vang kommune er sertifisert som trafikksikker kommune gjennom Trygg Trafikk. Trygg Trafikk har kvar månad eit nytt fokusområde for å sette fokus på trafikksikkerheit og begrense ulykker i størst mogleg grad. Denne månaden er temaet sikring av barn i bil.

Nokre korte fakta:

-    Barn har ei anna kroppsbygging enn oss vaksne og treng derfor tilpassa vern. Dei har eit stort og tungt hovud i forhold til resten av kroppen. Samtidig er muskulatur og beinbygning mindre utvikla.

-    Når barnet sit bakovervendt blir kroppen og hovudet pressa mot seteryggen ved ein frontkollisjon. Kreftene blir derfor fordelte over ei større flate slik at belastninga blir mindre på hovud og nakke.

Ta beltesjekken:

-    Beltet skal ligga stramt og tett på kroppen
-    Ligga godt inn på skulder
-    Ligga ned på hoftene

Dette seier lova:

-    Det er påbode å sikra barn i bil. Barn som er under 135 cm høge skal alltid bruka godkjent barnesikringsutstyr som er riktig i forhold til vekta til barnet og høgde.

-    Barn mellom 135 og 150 cm skal bruka godkjent barnesikringsutstyr dersom slikt utstyr er tilgjengeleg i bilen. Etter dette skal både barn og vaksne blir sikra med bilbeltet.

-    Barn skal ikkje transporterast i bakovervendt barnestol i forsete der det er airbag. Unntaket er viss kollisjonsputa er deaktivert manuelt eller automatisk.

-    I bil der det ikkje er bilbelte (veteranbilar) skal barn under tre år ikkje blir transporterte. Barn over tre år skal ikkje transporterast i forsete i bilar utan bilbelte.

Meir informasjon knytt til sikring av barn i bil kan du finna her.