Trafikksikker kommune - hold fokus!

Følg med på vegen, hold fokus og stopp om du blir ufokusert, trøytt eller sliten.

Mange har late seg distrahere av mobiltelefonen medan dei køyrer bil, viser ei ny undersøking. Etter dei verste ulykkesmånadene på åtte år, kjem Trygg Trafikk med ei tydeleg oppmoding til sommarbilistane: Sett telefonen i «bilmodus» før du køyrer.

«Bilmodus" er ein funksjon som minner om flymodus, og som finst på dei fleste moderne smarttelefonar. Når "bilmodus" er aktivert, vil telefonen bli mindre distraherande, og det blir lettare å halde fokus på vegen.

På Apple-telefonar kan ein mellom anna hindre varslingar frå SMS og sosiale medium når ein køyrer bil. I motsetning til flymodus, treng ein heller ikkje å aktivere funksjonen kvar gang ein køyrar. Har ein aktivert han éin gang, kan telefonen automatisk slå på funksjonen kvar gang ein køyrer bil. Så aktivér "bilmodus" i sommar du òg og bidra til å gjere vegane tryggare!
 
Les korleis du aktiverer funksjonen på www.bilmodus.no
 
Vi ønsker deg ein riktig fin sommar!