Tilskotsordning for etablering av ladestasjoner for elbilar

Innlandet fylkeskommune ønsker å framskunde overgangen til nullutsleppskøyretøy i bilparken i Innlandet. Ein viktig føresetnad for denne overgangen er at det blir etablert ladestasjoner for elbilar. Innlandet fylkeskommune har i år derfor sett av 1 million kroner til ei tilskotsordning for etablering av offentleg tilgjengelege ladestasjoner.

Kven kan søke?
Kommunar, borettslag/boligsameier og overnattingsstader/hotell kan søke middel.

Kva blir det gitt tilskot til?
Det blir gitt tilskot til etablering av ladestasjoner for elbil. Ein ladestasjon er ein parkeringsplass som har lademulighet og som er reservert berre for elbil. Det kan søkast om inntil 30 000 kroner til ladestasjoner med to ladeuttak og to tilknytta parkeringsplassar, eller inntil 60 000 kroner til ladestasjoner med fire ladeuttak og fire parkeringsplassar.

Krav til ladestasjoner som mottar tilskot

• Ladestasjonen må vere tilgjengeleg for alle, dvs. han kan ikkje reserverast for enkeltpersonar
• Parkeringsplassen skal vere reservert for elbil/ladbar hybrid
• Ladestasjonen må ha straummålar for å få oversyn over straumforbruk
• Elektriske arbeidar må utførast av autorisert installatør
• Parkeringsplassen må plasserast formålstenleg med tanke på trygging og trafikale forhold
• Søker må stå for drift og vedlikehald av stasjonen
• Ladestasjonen må byggast med Type 2, Mode 3 kontakt
• Informasjon om ladestasjonen blir lagd inn i NOBIL-databasen
• Tilskudd må ikkje overstige reell kostnad ved etablering av ladestasjonen
• Viss ladestasjonen ikkje er etablerte og i drift innan 12 månader frå tilsagnsdato kan tilsagnet falle bort utan ytterlegare varsel

Tildelingskriterium for kommunar
Det er ein føresetnad at ladestasjonen blir etablert i tilknyting til parkeringsplassar som har ei sentrumsverksemd eller i tilknyting til parkeringsplass for reisande med kollektivtrafikk eller innfartsparkering. Det er vidare ein føresetnad at ladestasjonen er tilgjengeleg for alle.

Tildelingskriterium for borettslag, sameier og overnattingsstader/hotell
Det er ein føresetnad at parkeringsplassane er tilgjengeleg for alle borettslagets/sameiets bebuarar og gjestar og for alle kundar ved overnattingsstad/hotell.

Korleis søke?
Søknad blir send til: post@innlandetfylke.no
Merk søknaden med saksnummer 2022/10864 og kontaktperson Morten Hals

eller

Innlandet fylkeskommune
Klima, miljø og naturmangfold
v/Morten Hals
Postboks 4404 Bedriftssenteret
2325 Hamar

Neste søknadsfrist er 1. juli.

For spørsmål, kontakt rådgivar Morten Hals på avdeling for samfunnsutvikling: morten.hals@innlandetfylke.no