Til alle våre hytteinnbyggjarar

Dei fleste hytteeigarar har fått med seg at forbodet mot å overnatte på fritidseigendom blir oppheva 20. april 2020. Samstundes oppmodar myndigheitene framleis alle til å unngå fritidsreiser som ikkje er naudsynte.

Fritidsreiser utanfor ditt arbeids- og buområde blir ikkje rekna å vere naudsynt, slik helseministeren har gitt tydeleg uttrykk for. Vel du å reise på hytta, ber vi om at du og familien følgjer dei generelle hygieneråda som fortsatt gjeld. Du kan vere smitteberar utan sjølv å være sjuk. Om alle kan sjå på seg sjølv som smitteberarar og følgje hygieneråda, vil det vere til stor hjelp.

  • Bruk leveringstenestene hos daglegvarebutikkane i Vang, ikkje møt opp fysisk i lokale forretningar
  • Hald to meters avstand til andre menneske som ikkje er i same husstand
  • Ikkje ver fleir enn fem personar saman om de ikkje er i same husstand     

Vi forstår at det kan vere freistande med ein hyttetur som ein slutt på vintersesongen, men eit av dei beste råda for ikkje å spreie smitte eller bli smitta sjølv, er å halde seg i ro heime og reise minst mogleg.

Om du vel å reise, kan det vere nyttig å gjera seg kjent med tenestetilbodet der du har hytte. Du må rekne med at det er redusert på grunn av koronautbrotet. Til dømes er ikkje persontrafikk med snøskuter mogleg no. Bagasje kan transporterast som før.

Vang kommune ynskjer dykk alle ein riktig fin seinvinter og vår. Vi ser fram til at kvardagen kjem tilbake til det normale om nokre månader!