Telefonvenn i Vang

Kven som helst kan kjenne seg isolert og åleine no for tida. Når dei fleste av oss no sit mykje heime, utan dei vanlege møteplassane å gå til, er det nok mange som ynskjer seg meir kontakt med andre. Tenkjer du at det hadde vore kjekt å ha nokon å snakke med? Eller vil du bidra med din tid, for nokon som ynskjer kontakt?

 I Vang er det Frivilligsentralen og Grindaheim Røde Kors Omsorg som har gått saman om dette tilbodet. Frivillige telefonvenner vil koplast opp med dei som ønskjer kontakt, og ringe til faste tider - for å høyre korleis det står til, eller for å prate om heilt andre ting og få tankane litt bort frå denne unntakstilstanden.

Alle telefonvenner må signere på teieplikt.

Ynskjer du å få eller bli telefonvenn? Ta kontakt med Marte Tangen på Frivilligsentralen, eller Inga Bøe i Røde Kors omsorg!

Kontaktinfo: