Straumstøtte for næringslivet i Vang

Her er retningslinene knytt til vedteke ordning om straumstøtte for næringslivet i Vang.

Pkt. 1
Vang kommune innfører ei straumstøtteordning for 2022 for næringsdrivande/bedrifter og lag/foreiningar med kontoradresse Vang.

Pkt. 2
For å kome med i ordninga må det bli dokumentert ei auke av straumutgifter på minst 20% ift året 2021.

Pkt 3
Søknaden må vera basert på dokumenterte straumutgifter i kr og forbruk i kWh for 2022. Ein kan søke kvart halvår

Pkt 4
Søknaden må innehalde verksemda sitt namn og organisasjonsnummer, telefonnummer, e-post adresse til kontaktperson i verksemda og kontonummer.

Pkt.5
Ordninga gjeld ikkje bedrifter med fastprisavtale hjå Jotunkraft A/S

Pkt.6
Ordninga gjeld ikkje bedrifter, lag og foreiningar som får dekket meirutgiftene gjennom andre støtteordningar.


Søknaden sendes til kommunen pr e-post : post@vang.kommune.no 

Frist for søknad:  2. halvår er 20. februar 2023.

Saksframlegg og vedtak fra kommunestyremøte 20.10.2022 finn du her:
Retningsliner om straumstøtte til næringslivet i Vang kommune  (PDF, 141 kB)