Sommarutstilling på Vang folkebibliotek

Denne sommaren kan du sjå fotografiar av Ole Marius Jørgensen. Bileta var eit prosjekt med Valdres folkemuseum, og blei stilt ut i Valdres i 2013. No etter sju år, er sju av bileta framleis her i Vang, og vi syner dei for fyrste gong på Vang folkebibliotek.

Klikk for stort bilete Han er busett i Asker, men har ei sterk tilknyting til Valdres. Bestefar hans var Eiliv Odde Hauge, museumsbestyrer på Valdres folkemuseum og forfattar, som slo seg til i Øystre Slidre. Jørgensen har heilt frå han var liten gut vore mykje i Valdres.

Jørgensen har ei bakgrunn frå film. Han er inspirert av amerikanske filmskaparar, men finn også inspirasjon frå maleri og målarar som Adolph Tidemand og Edward Hopper. Dette kan ein sjå spor av i bileta hans. Her brukar han element som peiker tilbake i tid, men også ei plassering og ein montasje som gir nokre av bileta eit surrealistisk preg. Dei fleste av bileta er frå Tyinvatnet, med modellar frå Vang, både gamle og unge. Her skjer det forunderlege ting. Og med fjella som ramme, og lys og himmel i ulike fargar, får det heile ei kjensle av draum.

Utstillinga heng ut august og kan sjåast i biblioteket si opningstid.