Skjenking av alkohol til matservering

Klikk for stort bilete Som følgje av vedtak i Stortinget 19. januar 2021 er det opna opp for at kommunar med lågt smittetrykk kan tillate skjenking av alkohol til matservering på stader med godkjent skjenkeløyve.

Kriseleiinga i Vang kommune vurderer smittetrykket per tid som lågt. Det har ikkje vore registrert smitte blant innbyggjarar i kommunen. På bakgrunn av dette opnar Vang kommune opp for alkoholservering til matservering frå natt til fredag 22. januar 2021, i tråd med gjeldande lovverk og skjenkeløyve. Gjeldande smittetrykk vil vurderast fortløpande.