Pressemelding frå Vang kommune


-    Kommunen har satt krisestab på kommunehuset fredag ettermiddag.
-    Så langt kommunen har oversikt over er det straum i heile kommunen
-    Etter det kommunen har fått opplyse er det bortfall av telefon og nettverk i store deler av kommunen, grunna brot på hovudlinje til Valdres og inntil kommunen sørfrå.

-    Grindaheim røde kors er stasjonert på Vangsheimen, 2. etg. Dei kan viderformidle kontakt til ambulanse og legevakt. Møt opp der og ring på døra.
-    Operativ legevakt er på Valdres lokalmedisinske senter på Fagernes.
-    Vangsheimen følgjer opp innbyggjarar med tryggleiksalarm.
-    Kommunen ber pårørande og naboar ha eit ekstra auge med kvarandre.
-    Ordførar og kriseleiing takkar alle som står på no for å ivareta helse og sikkerheit i kommunen.