Plassar i barnehage frå hausten 2023

Du kan nå søke om plass i barnehage frå hausten 2023. Søknadsfristen er 1.februar.

Barnehage

Barnehagetilbodet i kommunen er fordelt på to kommunale barnehagar.

Det er tilbod om 2, 3, 4 og 5 dagars plass i alle barnehagane.

Barn som har fast plass, treng ikkje å søke for å behalde plassen dei har. Dersom det er ynskje om endra tilbod, må søknad om endring av plassen sendast inn.

Nytt barnehageår startar 21.august 2023.

Meir informasjon ligg under menyen Barnehage 

Retten til barnehageplass

Barnehageloven, § 16:

Barn som fyller ett år senest innen utgangen av august det året det søkes om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage fra august.

Barn som fyller et år i september, oktober eller november det året det søkes om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage innen utgangen av den måneden barnet fyller ett år.

Barn har rett til barnehageplass i den kommunen den er busett. 

Slik søker du plass i barnehage

Du søker om plass i barnehage via Visma Flyt barnehage sin foresattportal. Du må logge inn med bankID.

Her søker du om plass i barnehage

Søknadsfrist

Søknadsfrist er 1.februar.

Søknadar sendt inn etter fristen vert ikkje behandla i hovudopptaket.

Del på Facebook