Påsken 2020

 Kjære bygdefolk, og studentar/familie som ynskjer å komme heim til Vang i påska! 
 Det blir ei annleis påske i år. Vi håper likevel de vil nyte høgtida og naturen, og ta godt vare på kvarandre i den situasjonen vi står i.

Råda frå styresmaktene er at alle fritidsreiser bør avgrensast, og at vi ikkje samlast ute og inne. Vi bør halde avstand og ikkje vere fleire enn 5 i grupper som ikkje er del av same husstand.

Vi må ta vare på kvarandre og vere sosiale på andre arenaer enn til vanleg. Bruk telefon og internett!

Vi oppmodar de som kjem utanfrå, til dømes innbyggjarar som kjem til Vang frå studiestad eller pendlartilvere, til å halde dykk mest mogleg i ro der de er på besøk. Kjem du frå område med smitteutbrot vil vi oppmode deg til å opptre som om du er i karantene når du kjem til Vang. Råda frå folkehelseinstituttet inneber også å ikkje besøke personar over 65 år eller andre i risikogruppa. God hygiene og generelt lite nærkontakt gjeld stadig. Sjå elles råda på heimesida til folkehelseinstitutet og fylkesmannen.

Vi i kommunen er tilgjengelege for innbyggjarane om de har spørsmål.

  • Kommuneoverlegen i Vang publiserer relevant helseinfo, og presiserer at fastlegane er tilgjengelege for dei som har behov. Det er viktig at pasientar med kroniske lidingar og helseplager held fast på den vanlege kontakten med legen som kjenner dei. Ta kontakt med legekontoret på telefon – så finn de saman ut om de skal treffast ansikt til ansikt eller på andre måtar.
  • Innovangsjon har publisert informasjon om kvar ein kan handle, samt info om ulike aktørar som tar ettersyn på hyttene sidan de som ikkje er busett her ikkje kan reise på hytta:
  • Vang folkebibliotek har gjort tilgjengeleg ei rekke digitale ressursar, og har mellom anna masse god påskekrim tilgjengeleg.
  • Kyrkja i Vang har laga digitale tilbod for gudstenestene i høgtida.

Vi ønskjer dykk alle ei riktig god påske! Helsing rådmann, ordførar, kommunalsjefar og kommuneoverlege.