Open fagdag om plan- og bygningsloven

Kommunane i Valdres inviterer til ein spennande fagdag om plan- og bygningsloven med ekspertane i Holth&Winge AS. Påmelding innan 5. sept. til post@vang.kommune.no (merk påmeldinga med "Fagdag").

  • Stad: Fagernes kulturhus(kinosalen)
  • Dato: Fredag 9. september
  • Kl.: 0900 - 1500

Fagdagen er i hovudsak retta mot noverande(og framtidige) politikarar og administrasjonen i dei respektive kommunane, men den er og særs aktuell for ulike interesseorganisasjonar, utviklarar og entreprenørar i regionen eller grunneigarar som har planar om framtidig utvikling av eit område. Ser det interessant ut? Meld deg på!

Program for dagen finn du her: Program fagdag 9 sept. (PDF, 167 kB)

Arrangementet er gratis. Servering av lunsj og kaffe.