Ny rutine for fakturadistribusjon

Vang kommune har innført ny rutine for fakturadistribusjon og ynskjer å sende alle fakturaer og purringer digitalt. Før fakturaen blir distribuert vil det bli gjort eit oppslag mot dei ulike kanalane i ein preferert rekkjefølgje, og fakturaen blir distribuert i den øvste rangerte kanalen som er aktiv.

Om det ikkje blir gjort treff i nokon av dei digitale kanalane, blir fakturaen sendt deg i papirformat.
Det er viktig at melder frå til Vang kommune om du endrer adresse i folkeregisteret

Vang kommune kan ikkje påverke kva slags kanal du vil motta fakturaen i, det må du velje sjølv  i nettbanken eller i din digitale postkasse

Rekkefølga er slik:
1. avtalegiro
2. eFaktura
3. Vipps Regning
4. Digital postkasse innbyggjar
5. E-post
6. Blankett/papir

Den nye papirblanketten har ikkje girodel og kan difor ikkje nyttast som brevgiro. Om du likevel  ynskjer å nytte brevgiro må du fylle ut ein tom giroblankett. Tomme bankgiroblankettar kan du få i banken eller du kan få tilsendt frå Vang kommune. Informasjon som må fylles ut er:

* beløp
* betalarens bankkontonummer
* betalt av
* betalt til
* kundeidentifikasjon (KID)
* kroner og øre
* til konto

Har du spørsmål knytt til dette kan du sende ein e-post til okonomi@vang.kommune.no eller ringe sentralbordet på 61 36 94 00

Her finn du ein informasjonsvideo om elektronisk fakturadistribusjon: