Ny rådmann er på plass

Klikk for stort bileteDen nye rådmannen i Vang, Erlend Haaverstad, hadde sin fyrste dag måndag 12. august.

Rådmannen vil bruke den fyrste tida på å gjere seg godt kjent med kommunen, mellom anna kommunens tilsette og tenestetilbod, dei viktigaste samarbeidspartane, geografi, kultur, historie og tradisjonar, samt visjonar om korleis Vang bør utvikle seg framover. "Eg er svært nøgd med å komme i gang med jobben, og eg har fått ei varm mottaking av masse hyggelege folk i kommunen. Eg har mykje å lære, både om Vang kommune, om kommunal forvaltning, saksbehandling og prosessar, men eg er veldig motivert for jobben, og har mange gode og positive støttespelarar rundt meg" seier den nye rådmannen.