Ny kommunalsjef for teknisk, plan, miljø og landbruk er tilsett

Morten Johan Johansen har fått jobben som kommunalsjef for landbruk og teknisk i Vang kommune. Han kjem frå ein leiarjobb i Kings Bays AS på Svalbard og tek med seg brei erfaring frå privat næringsliv og statleg verksemd inn i kommunalsjefstillinga.

Morten verker svært fagleg dyktig, kunnskapsrik, flink til å dele av sin kunnskap, erfaren og strategisk. Han er myndig og trygg i leiarrolla, veldig opptatt av sine medarbeidarar, og med ein god porsjon humor. Eg har trua på at dette blir bra, både for etaten og leiargruppa, men også for kommunen og utvikling av næringslivet i Vang, seier kommunedirektør Erlend Haaverstad.

Johansen har bakgrunn frå Forsvaret, men har sidan årtusenskiftet jobba i leiarposisjonar i ei rekke private næringsverksemder, primært innan bygg og anlegg. Han har også vore konsulent på byggeleiing og leiar av ei lang rekkje større infrastrukturprosjekt. Sjølv om han ikkje har jobba i kommunesektoren før, har mange av prosjekta han vore leiar for hatt ulike kommunar som oppdragsgjevar. I tillegg har han i stillinga som teknisk sjef i Ny-Ålesund ansvar for overordna planarbeid og lokal infrastruktur, mellom anna drikkevatn og avlaup, lokale vegar, breiband, renovasjon og miljø, bygg og eigedom.

Johansen har tidlegare vore med på fleire byggjeprosjekt på E16 ved Tyinkrysset og Filefjell, og kjenner kommunen frå før som fritidsbebuar. Han ser fram til å kome i gang i jobben, møte folka og bidra til den vidare utviklinga av Vang kommune.