Mørket kjem - bruk refleks!

Torsdag 21.oktober er den nasjonale refleksdagen! Målet er å få folk til å bruke refleks slik at dei ikkje havnar i ei ulykke. 

Refleksdagen har vore markert årleg sidan 2006 og er alltid den tredje torsdagen i oktober. Bruk 5 minutter på refleksdagen til å feste refleks på jakker, bagger og anna ytterbekledning. Fleire refleksar er betre enn ein!

Visste du at berre kvar 4 nordmann bruker refleks i mørket? Uten refleks er du først synleg på 25 - 30 meters hald, mens du med refleks syns på 140 meters hald når bilen bruker nærlys. Det betyr at sjåføren har 10 istadenfor 2 sekund til å reagere, og det kan vere forskjellen på liv og død. Refleks er derfor den billigaste livforsikringa du kan ha. 

Heldigvis er foreldre flinke til å ha på barna refleks, men ver eit godt førebilete og bruk refleks også sjølv! 

Over 32 % av norske sjåførar har opplevd nestenulykker med fotgjengarar og syklistar i mørket, og mange trur at det ikkje er nødvendig med refleks dersom dei går i område med gatelys. Dette er feil, sjølv om du ser bilen ser ikkje bilisten deg. Derfor er det anbefalt å bruke minst éin refleks når du er ute i skumring/mørket.