Mellombels bygge- og deleforbod innanfor kommunedelplan Tyinkrysset

 

I møte 23.5.19 (sak 026/19) fatta kommunestyret vedtak om mellombels forbod mot tiltak (bygge- og deleforbod)  innanfor kommunedelplanområdet på Tyinkrysset inntil vedtak av ny kommunedelplan, eller i inntill ½ år.

Forbodet er avgrensa til tiltak etter Plan- og bygningslova som ikkje er i samsvar med forslaget til ny kommunedelplan, og som vil gjera det vidare planarbeidet vanskeleg. Vedtaket er eit enkeltvedtak som kan påklagast etter §§ 28 og 29 i forvaltningslova. Fristen for å fremje ei grunngjeven klage er 28.6.2019.

Gjeldande kommunedelplan for Tyinkrysset vart vedtake 22.09.2005. Arbeidet med å få på plass ny kommunedelplan har pågått sidan 2007, og i kommunestyret 11.04.2019 vart forslag til ny kommunedelplan lagt ut til høyring og offentleg ettersyn. Det har vore ein lang prosess med å koma fram til dette planforslaget, og det er lagt ned mykje ressursar i både arbeid, utgreiingar og ikkje minst i utviklinga av den overordna masterplanen. Masterplanen har vore drøfta i kommunestyret ved fleire høve, og det er gjeve tilslutning til at området skal utviklast i tråd med denne.

For å sikre at arealbruken ikkje skulle skape konflikt med masterplanen, medan ny kommunedelplan vart utarbeidt, fatta kommunestyret i fylgjande vedtak: "Med heimel i pbl § 13-1 innfører Vang kommune mellombels forbod mot tiltak(bygge- og deleforbod) innanfor planområdet til kommunedelplan for Tyinkrysset(2005). Forbodet gjeld inntil vedtak av ny kommunedelplan, eller i inntil eit halvt år. I denne tida kan oppretting og endring av eigedom eller tiltak etter pbl § 1-6 og andre tiltak som kan gjere planarbeidet vanskeleg, ikkje gjennomførast, jf. pbl § 13-1 fyrste ledd."

Det er potensielle konfliktar i eksisterande planar versus masterplanen, og det er fremma private planforslag som dels har vore i strid med masterplanen som er stoppa i denne perioda. Framleis er ikkje ny kommunedelplan vedteken, men forslag til ny kommunedelplan låg ute til høyring med høyringsfrist 27.05.2019. Det eit omfattande arbeid som er lagt ned i dette planforslaget, som er i tråd med overordna masterplan, og det er viktig at det ikkje skjer arealdisponeringar og tiltak som vil vanskeleggjere det føreståande arbeidet med ferdigstilling av kommunedelplanen.