Liste over utskreven eigedomsskatt for 2023

Med heimel i eigedomsskattelova § 15 har Vang kommunestyre vedteke å skrive ut eigedomskatt på verker og bruk.
 

For 2023 skal det i samsvar med kommunestyrevedtak skrivast ut eigedomsskatt med
7 –sju- promille av verket eller bruket sin takstverdi.
Dei nedanfor nemnde må såleis for 2023 betale eigedomsskatt slik:

LISTE OVER UTSKRIVEN EIGEDOMSSKATT FOR 2023 (PDF, 82 kB)

Kommunen har ingen verk/bruk som er friteke for eigedomsskatt.
Skattytaren kan klage på den utskrivne eigedomsskatten. Slik klage må setjast fram skriftleg og vere komen inn til kontoret her innan 6-seks- veker frå i dag.

Eigedomsskattekontoret